Cross-disipline
Lærande team: I teori og praksis
Sveinung Sande Dalatun
Capgeminihallen
Om du har jobba med programvareutvikling i meir enn ein halv dag så har du lagt merke til at arbeidsdagen er meir prega av å læra domenet enn teknologi. Me bruker mykje tid på å læra oss meir om teknologi, men skuffande lite på å læra oss korleis me kan læra betre, djupare og meir varig. Ikkje er arten vår spesielt god på å vurdera eigen kompetanse heller. Og på toppen av det heile så betyr ikkje alltid "meir erfaring" det same som "meir kompetanse" – av og til er det motsett. Difor er det på tide å bry seg litt mindre om korleis me trenar dei kunstige nevrale netta, og litt meir om korleis me trenar dei organiske nevrale netta. Eg er på ingen måte psykolog eller lærar, eg er teknolog av hjarta, men eg trur sterkt på at me treng breiare perspektiv enn dei reint teknologiske for å kunna løysa komplekse problemstillingar. Etter å ha jobba med fagleiing i mange år, masa hol i hovudet på læraren eg er gift med og lese meir om lærande organisasjonar (og lærande hjernar) enn det som kanskje er sunt, så har eg gjort meg nokre erfaringar og refleksjonar rundt kva som skal til å dra betre nytte av hjernane me jobbar med.
Immanuel Kant sa: "Erfaring utan teori er blind". Me treng nokre rettesnorer for å ikkje vimsa rundt i blinde. Me treng å svara på spørsmål som: Kva skiljer meistring frå innbilt kompetanse? Kva faktorar må ligga til rette for god og varig læring? Læraren kjenner seg heime her.
Kant sa vidare: "men teori utan erfaring er berre intellektuell leik". Me må dra dette ned i kvardagen: Korleis jobber me med kognitiv last? Kva skiljer dei ulike typane kognitiv last? Me påverker teknologien, men korleis påverker teknologien vår evne til å læra?
Sveinung er seniorkonsulent i Miles og har ei faglig brei fortid med erfaring innan systemutvikling, teamleiing, teknologileiing, produktutvikling og fagleiing. Den store lidenskapen er å legga til rette for god læring i team. Lukkeleg gift med ein lærar. Har to ungar.
Sveinung Sande Dalatun